Norway Job Openings
Haukeland Universitetssjukehus
Forskingssjukepleiar/ forskings-medarbeidar
Bergen
FULL TIME
September 18, 2024
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ansvar for store delar av tilbodet knytt til anestesi, intensivmedisin, akuttmedisin og smertebehandling. Klinikken har og eigen Fag- og forskingsavdeling. Totalt har KSK om lag 1400 tilsette.
Fag- og forskingsavdelinga i KSK har overordna ansvar for forsking, innovasjon, kvalitetsforbetring og fagutvikling i KSK. Avdelinga består av fleire forskingseiningar i tillegg til Kompetansesenteret for Kommunikasjonsberedskap i helsetenesta (Kokom), Norsk Intensiv- og Pandemiregister samt Nasjonalt register for smertebehandling. Vi har fleire kliniske prosjekt gåande og under planlegging. Vi treng nettopp deg til å vere med å ta aktivt del i desse, særskild eit pågåande prosjekt på hjartepasientar og eit prosjekt under planlegging som omhandlar alvorlege infeksjonar.
- Administrere og koordinere forskingsprosjekt
-
Inkludere og følge opp pasientar i kliniske studiar
- Datainnsamling, dokumentering og registrering
- Gjennomføre testar, blodprøvetaking og scoringssystem på pasientar
- Delta i avdelingas arbeid med prosjekt og registeretablering
- Delta i avdelingas kvalitetsarbeid
-
Oppfølging og kontroll av forskingsprosjekt
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant medisinsk utdanning
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Interesse for forsking og kvalitetsarbeid
- Fordel med gode IKT-kunnskapar
- Kurs i forskingsarbeid som "Goocd Clinical Practice" er ein fordel, men ikkje nødvendig for tilsetting
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er punktleg og påliteleg
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
-
Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Moglegheit for eigen forsking
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
New Job Alerts
Sobi
Associate Director Patient Access Nordic Baltics
Oslo
FULL TIME
November 20, 2024
View Job DescriptionCoor
Servicemedarbeider Operation Center
Hammerfest
FULL TIME
November 19, 2024
View Job DescriptionBW
Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position
Oslo
FULL TIME
November 19, 2024
View Job DescriptionSee What’s New: Haukeland Universitetssjukehus Job Opportunities
Haukeland Universitetssjukehus
Forskingssjukepleiar/ forskings-medarbeidar
Bergen
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionHaukeland Universitetssjukehus
Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Bergen
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionHaukeland Universitetssjukehus
Overlege ved avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)
Bergen
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionHaukeland Universitetssjukehus
Vernepleiar og sjukepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk, klinikk for sikkerheitspsykiatri og Barne- og ungdomsklinikken
Bergen
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionNew Job Alerts
Sobi
Associate Director Patient Access Nordic Baltics
Oslo
FULL TIME
November 20, 2024
View Job DescriptionCoor
Servicemedarbeider Operation Center
Hammerfest
FULL TIME
November 19, 2024
View Job DescriptionBW
Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position
Oslo
FULL TIME
November 19, 2024
View Job Description