Norway Job Openings

Haukeland Universitetssjukehus

Vernepleiar og sjukepleiar. Faste stillingar ved Psykiatrisk klinikk, klinikk for sikkerheitspsykiatri og Barne- og ungdomsklinikken

Bergen

FULL TIME

September 18, 2024


Om stillinga
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Psykiatrisk klinikk har ledig fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar ved:
  • Avdeling akutt psykose, Seksjon S4
  • Tidleg psykose Sandviken,TPS
  • Psykiatrisk akuttmottak, PAM1
  • Avdeling Stemningslidingar, S1

Klinikk for sikkerheitspsykiatri har ledig fast som vernepleiar og/eller sjukepleiar ved:
  • Lokal sikkerheitspost (LS) - har ledig stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
  • Regional sikkerheitspost (RS) - har ledig stilling som sjukepleiar

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) har ledig fast stilling som vernepleiar ved:
  • Habiliteringstenesta for barn og ungdom, HABU

For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordras menn om å søke.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
02.10.2024
Arbeidsgivar:
Helse Bergen
Stad:
Bergen
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4860931740
Del på X


Del på Facebook


Akutt psykose S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. Pt. 2-delt turnus og kvar 3 helg
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år. Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving. Pt 2-delt turnus og kvar 3 helg
Kontakt: Kjersti Valestrand Bjørnstad, Tlf. 95725124

Psykiatrisk akuttmottak (PAM1) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. Pt 2-delt turnus og kvar 3. helg
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712

Avdeling for Stemningslidingar (S1) tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein sjukepleiar og ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. PT 2-delt turnus og kvar 3 helg
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722


Lokal Sikkerheitspost (LS) har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, pt. 4. kvar helg med langvakter i helgene, for snarleg tilsetting. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.

Lokal sikkerheitspost (LS)
sitt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. LS er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling.

Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, medan andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Charlotte Sunde, Tlf. 55958334 eller Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348

Regional sikkerheitspost (RS) sine sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384

Habiliteringstenesta for barn og ungdom, HABU er ein eining i Barne- og ungdomsklinikken. HABU arbeider med barn og ungdom i alderen 0-18 år, som har nedsett funksjonsevne. HABU har eit tverrfagleg personale med legar, psykologar, ergoterapeutar, logopedar, spesialpedaogar, fysioterapeutar, sosionom og vernepleiar. Mykje av arbeidet går føre seg i tverrfaglege team. Arbeidsoppgåver vil vere utgreiing og rettleing knytta til ulike åtferd som utfordrar, bistand til kommunar ved utarbeiding av tiltak etter Helse- og omsorgstnestelova kap.9 og utarbeide og gjennomføre førelesingar på kurs og nettverk. Du har erfaring frå arbeid med utviklingshemmede og autisme, kompetanse og erfaring med førebyggande arbeid og på kartlegging og tiltak ved åtferd som utfordrar og du har kjennskap og erfaring med Helse- og omsorgstjenesteloven Kap 9. Du jobbar sjølvstendig og du må trivast med og brenne for målgruppa.
Kontakt: Pernille Schaathun Berge, Tlf. 55978319


Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten og bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
  • Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdande
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personelege eigenskapar
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.

Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.




Adresse:
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
E-post:
karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
Haukeland Universitetssjukehus

Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin

Bergen

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Haukeland Universitetssjukehus

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Bergen

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
Asker kommune

Vi har ledige faste helger og stilling som tilkallingsvikar på Gullhella bo- og omsorgssenter!

Asker

FULL TIME & PART TIME

September 18, 2024

View Job Description
Universitetssykehuset Nord-Norge HF

Barnelege, lege i spesialisering, faste stillinger og vikariater

Tromsø

FULL TIME & CONTRACT

September 18, 2024

View Job Description
Bergen Kommune

Faste helgestillinger ved Gullstølsbotn bofelleskap på Bønes

Bønes

PART TIME

September 17, 2024

View Job Description
Gloppen Kommune

Helgestillingar

Sandane

PART TIME

September 17, 2024

View Job Description
See What’s New: Haukeland Universitetssjukehus Job Opportunities
Haukeland Universitetssjukehus

Forskingssjukepleiar/ forskings-medarbeidar

Bergen

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
Haukeland Universitetssjukehus

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Bergen

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
Haukeland Universitetssjukehus

Overlege ved avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)

Bergen

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
Haukeland Universitetssjukehus

Konsulent

Bergen

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Haukeland Universitetssjukehus

Psykolog i TSB poliklinikk

Bergen

CONTRACT

September 17, 2024

View Job Description
View More Jobs by Haukeland Universitetssjukehus
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description