Norway Job Openings

Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin)

Bergen

PART TIME

September 18, 2024

Ui B - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin)
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
Stillinga er lagt til fagområdet for allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Fagområdet har eit bredt forskingsfelt organisert i fire forskingsgrupper. Vi har undervisningsoppgåvar i alle deler av medisinstudiet og eit aktivt miljø for å utvikle undervisningskvalitet. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege, fortrinnsvis med spesialitet i allmennmedisin og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere Begrenset tilgang / restricted access internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Øystein Hetlevik, tlf.: 55 58 61 34 / 90077175, e-post: oystein.hetlevik@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Ui B treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.


Søknadsfrist
15. oktober 2024
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune

Bergen

Omfang
Deltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Årstadveien 17, 5018 Bergen
    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
New Job Alerts
Statkraft

Lead User Experience Designer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Schibsted

Head of Security and IT Governance (Norway)

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Lendo AB

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Microsoft

Software Engineer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Init Norway

Prosjektleder

Asker

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Purchasing Manager - Fabrication

Kongsberg

November 7, 2024

View Job Description
Jotun Group

HR Advisor - Recruitment

Sandefjord

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Project Procurement Manager

Lysaker

November 7, 2024

View Job Description
Halliburton

Facilty coordinator - Real estate

Stavanger

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
OsloMet - storbyuniversitetet

Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor innen sykepleie

Kjeller

FULL TIME

August 29, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Førsteamanuensis/førstelektor i tredimensjonal form og materialer

Oslo

FULL TIME

August 29, 2024

View Job Description
Oslo universitetssykehus

Avdelingsleder kombinert med stilling som professor II/førsteamanuensis

Oslo

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor til bachelorutdanningen i paramedisin

Oslo

FULL TIME

September 25, 2024

View Job Description
Helgelandssykehuset HF

Lege i spesialisering indremedisin

Mosjøen

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Midlertidig 20 % stilling som førsteamanuensis i kulturledelse

Oslo

August 21, 2024

View Job Description
See What’s New: Universitetet i Bergen Job Opportunities
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow (3 years) at BCEPS

Bergen

FULL TIME

October 15, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow

Bergen

FULL TIME

October 1, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow in Digital Narrative

Bergen

FULL TIME

September 25, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Lead AI postdoctoral research fellow position within Cryptography and Security of AI

Bergen

FULL TIME

September 25, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin)

Bergen

PART TIME

September 18, 2024

View Job Description
View More Jobs by Universitetet i Bergen
New Job Alerts
Statkraft

Lead User Experience Designer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Schibsted

Head of Security and IT Governance (Norway)

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Lendo AB

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Microsoft

Software Engineer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Init Norway

Prosjektleder

Asker

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Purchasing Manager - Fabrication

Kongsberg

November 7, 2024

View Job Description
Jotun Group

HR Advisor - Recruitment

Sandefjord

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Project Procurement Manager

Lysaker

November 7, 2024

View Job Description
Halliburton

Facilty coordinator - Real estate

Stavanger

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description