Norway Job Openings

Fjord kommune

Psykiatrisk sjukepleier

FULL TIME & PART TIME

October 18, 2024

(i ny fane)

Om stillinga

Vil du være med å utvikle psykisk helse- og rustenesten i Fjord kommune?

Fjord kommune har ledig fast 60 % stilling som psykiatrisk sjukepleier i kommunens psykisk helse- og rusteneste. Psykisk helse- og rusteam dekker lavterskeltenester til barn, unge, familier, voksne, eldre og pårørande. Vi er tverrfagleg samansett med psykisk helsearbeidere, familieterapeut, Skole LOS og kommunepsykolog. Psykiatrisk sjukepleier er i hovedsak tiltenkt arbeid innafor psykisk helse/rus for voksne og eldre, men arbeid innafor alle aldersgrupper kan vere aktuelt ved behov og interesse.

Vi er opptatt av å utvikle gode tenester til befolkninga i samsvar med samfunnsutvikling, nasjonale føringar og lokale behov. Dei kommunale psykisk helse- og rustenestene er i utvikling, og vi ønsker ein fagperson som kan bidra inn i dette arbeidet. Stillinga vil innebære stor grad av autonomi med fagleg støtte. Vi legger vekt på eit godt tverrfagleg samarbeid innad i teamet, og ut mot andre tenester i kommunen.

Vi søker ein person med autorisasjon som sjukepleier med videreutdanning og/eller erfaring med psykisk helsearbeid, som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsrelasjoner.

I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.

For meir informasjon kring bygdelag i Fjord kommune, sjå:
Valldal - The Adventure Valley - Fjord Norway
Opplev Fjord i Fjord kommune

For meir informasjon om Sunnmøresregionen, sjå:
Ålesund og Sunnmøre - der fjell og fjord møter hav (visitnorway.no)

Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen heile året igjennom.

Fjord kommune har eit godt sjukepleiefagleg miljø, og har hatt god sjukepleiekompetanse, sjå omtale: I Fjord kommune klarer de å følge planlagt turnus

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
03.11.2024

Arbeidsgivar:
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Stad:
VALLDAL

Stillingstittel:
Psykiatrisk sjukepleier

Stillingar:
1

Heiltid / Deltid:
Heiltid

Tilsetjingsform:
Fast

Stillingsprosent:
100

Webcruiter-ID:
4873824344

Del på X

Del på Linked In

Del på Facebook

Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Direkte brukerkontakt gjennom dagleg behandling og veiledning.
Ivareta den enkelte pasients medisinske behov saman med lege.
Bidra i kommunal kartlegging, utredning, og utføre kliniske vurderinger og observasjoner.
Administrering av medisiner.
Samarbeid med pårørande.
Bidra til tverrfagleg samarbeid, tenkning og brukermedvednad
Bidra til kompetanseutvikling.
Koordinering av tenester mellom 1. og 2. linjen, og mellom ulike kommunale verksemder og faggrupper.
Gjennomføring og evaluering av omsorgstiltak i forbindelse med bruk av tvang.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleier med vidareutdanning innan rus og psykiatri.
Førerkort klasse B og disponere bil.
Beherske norsk skriftleg og muntleg, samt engelsk muntleg.
Ønskelig med erfaring innafor oppsøkende psykiatrisk arbeid eller distrikspsykologi.
Det er ein fordel med kompetanse, kurs eller erfaring med psykoedukative metoder og ulike psykoterapeutisk teori.
God observasjons-, vurdering og behandlingskompetanse.
Høg sjukepleiefagleg interesse.
Politiattest må leggjast fram ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit for stillinga tilleggast stor vekt.

Har evne til å ta ansvar, kunne arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
Gode relasjonelle evner og kommunikasjonsferdigheter.
Godt humør og positiv fremtoning.

Kan ta avgjørelser og administrere eigen arbeidshverdag
Tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert.
Evne å kunne sjå helskapleg på problemstillingar.
Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.

Kunne arbeide i tråd med sjukepleiens yrkesetiske retningslinjer.

Vi tilbyr
100 % stilling med 60 % fast stilling innafor psykisk helseteam, og 40 % fast anna sjukepleiefagleg arbeid innafor kommunen.
Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer
Stor mogelegheit til å påvirke egen arbeidskverdag.
Delta i utviklingsarbeid.
Mogelegheiter for fagleg utvikling og rettleiing av kommunepsykolog.
Godt og trygt arbeidsmiljø med fokus på meistring og kollegastøtte.
Lønn etter avtale.
Garantilønn lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning.
Sjukepleiar med 16 års ansiennitet eller meir får 10 000 kr i tillegg på garantilønn.
Spesialsjukepleiarlønn.
Gode pensjons- og forsikringsordingar gjennom KLP
Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.

Adresse:
Olavsgata 10, 6210 VALLDAL, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)

Kontaktinformasjon
Rønnaug Hove
Leiar Fjord helse

Telefon:
+47 41867937

Om arbeidsgivaren

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Grocery Associate - Youth workers

Oslo

PART TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Aker Solutions

HR Advisor

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Your Personal AI

Business Development / Sales Representative (Norway)

Drammen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Kahoot!

Program Director, School K-12 International

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Red Bull

Salgskonsulent - faghandel

Bergen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Omega 365

Information Architect

Stavanger

November 19, 2024

View Job Description
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Grocery Associate - Youth workers

Oslo

PART TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Aker Solutions

HR Advisor

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Your Personal AI

Business Development / Sales Representative (Norway)

Drammen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Kahoot!

Program Director, School K-12 International

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Red Bull

Salgskonsulent - faghandel

Bergen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Omega 365

Information Architect

Stavanger

November 19, 2024

View Job Description