Norway Job Openings

Universitetet i Bergen

Stipendiat i reservoarfysikk

Bergen

September 17, 2024

Ui B - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?


Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk med fokus på mikrobielle effektar ved undergrunnslagring av hydrogen
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Hydrogen er ein potensielt viktig energiberar med låge karbonutslepp, og det er forventa at behovet for storskala undergrunnlagring av hydrogen (UHS) i geologiske formasjonar vil spele ei viktig rolle for å balansere energiforsyninga -og etterspurnaden. Men mikroorganismar i undergrunnen kan bruke den lagra hydrogengassen som ein elektrondonor, noko som kan føre til driftsrisikoar, tap av gass, redusert gasskvalitet, indusert korrosjon og endringar i eigenskapane til reservoaret. Storskala hydrogenlagring i porøse reservoar krev difor ei omfattande og grunnleggande forståing av korleis og i kva grad mikrobielle prosessar påverkar undergrunnslageret, og i tillegg samspelet mellom mikrobielle, geokjemiske og flytdynamiske prosessar.
Ph.d.-stipendiaten vil vere involvert i det EU-finansierte prosjektet Hy DRA – Diagnostic tools and Risk protocols to Accelerate underground Hydrogen storage. Prosjektet har som mål å utføre forsking på og karakterisere mikrobielle interaksjonar på ulike europeiske lagringsstadar for å vurdere potensielle risikoar ved UHS. Hy DRA-konsortiet har 9 internasjonale forskingspartnarar og over 10 energiselskap som partnarar. Ph.d.-kandidaten vil jobbe i eit tverrfagleg forskarteam, med fokus på å bruke multiskala eksperimentelle metodar for å studere mikrobiellaktivitet og biogeokjemiske reaksjonar under dynamisk hydrogenflyt. Ph.d.-studenten vil samarbeide med topprangerte internasjonale universitet i konsortiet og ha moglegheiter for forskingsutveksling. Ph.d.-studenten vil også regelmessig samarbeide med industripartnarar i Hy DRA-prosjektet og ta aktiv del i eit breitt profesjonelt nettverk innan anvendt forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i reservoarfysikk, kjemisk prosessteknologi, geologi, anvendt petroleumsteknologi eller anna relevant fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.12.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Laboratorieerfaring frå porøse medier knytt til fysikk og/eller kjemi er eit krav.
  • Kunnskap om strømning- og transportprosessar i porøse medier er eit krav.
  • Erfaring frå eit eller fleire av dei følgjande felta er ein fordel: geokjemi, mikrofluidikk, undergrunnsmikrobiologi, karbonlagring eller hydrogenlagring.
  • Praktisk erfaring med bildebehandling ved bruk av Python, MATLAB eller maskin-/djuplæring er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
Ui B er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.12.2024).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • innlevert masteroppgave (eller en to-siders beskrivelse hvis den ennå ikke er levert) og eventuelle publikasjoner i ditt navn som du ønsker å få vurdert. Hvis oppgaven ikke er skrevet på et skandinavisk språk, eller et av de store europeiske språkene (engelsk, fransk, spansk, nederlandsk eller tysk), må et to-siders sammendrag på engelsk legges ved.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobb Norge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: (tittel, namn, arbeidsstad og telefonnummer)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Ui B treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
Dr. Na Liu, Institutt for fysikk og teknologi (Na.Liu@uib.no) eller Professor Martin Fernø, Institutt for fysikk og teknologi (Martin.Ferno@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgivar Thea Thingnes (Thea.Thingnes@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved Ui B
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved Ui B.


Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.


Søknadsfrist
13. oktober 2024
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune

Bergen

Omfang
Heiltid
Varigheit
Åremål
Arbeidsstad
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
New Job Alerts
Statkraft

Lead User Experience Designer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Schibsted

Head of Security and IT Governance (Norway)

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Lendo AB

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Microsoft

Software Engineer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Init Norway

Prosjektleder

Asker

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Purchasing Manager - Fabrication

Kongsberg

November 7, 2024

View Job Description
Jotun Group

HR Advisor - Recruitment

Sandefjord

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Project Procurement Manager

Lysaker

November 7, 2024

View Job Description
Halliburton

Facilty coordinator - Real estate

Stavanger

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
OsloMet - storbyuniversitetet

Stipendiatstilling- sosialt arbeid og kollektiv handling

Oslo

FULL TIME

August 30, 2024

View Job Description
UiT Norges Arktiske Universitet

Stipendiat innen helsesykepleie

Tromsø

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Stipendiat tilknyttet barnehagelærerutdanning

Oslo

FULL TIME

October 7, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Stipendiat i yrkespedagogikk

Lillestrøm

FULL TIME

October 7, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Tre stipendiatstillinger ved Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning

Oslo

FULL TIME

October 7, 2024

View Job Description
OsloMet - storbyuniversitetet

Stipendiat innenfor tolke- og oversettelsesstudier

Oslo

FULL TIME

October 7, 2024

View Job Description
See What’s New: Universitetet i Bergen Job Opportunities
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow (3 years) at BCEPS

Bergen

FULL TIME

October 15, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow

Bergen

FULL TIME

October 1, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Postdoctoral Research Fellow in Digital Narrative

Bergen

FULL TIME

September 25, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Lead AI postdoctoral research fellow position within Cryptography and Security of AI

Bergen

FULL TIME

September 25, 2024

View Job Description
Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin)

Bergen

PART TIME

September 18, 2024

View Job Description
View More Jobs by Universitetet i Bergen
New Job Alerts
Statkraft

Lead User Experience Designer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Schibsted

Head of Security and IT Governance (Norway)

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Lendo AB

Oslo

November 7, 2024

View Job Description
Microsoft

Software Engineer

Oslo

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
Init Norway

Prosjektleder

Asker

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Purchasing Manager - Fabrication

Kongsberg

November 7, 2024

View Job Description
Jotun Group

HR Advisor - Recruitment

Sandefjord

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description
TechnipFMC

Project Procurement Manager

Lysaker

November 7, 2024

View Job Description
Halliburton

Facilty coordinator - Real estate

Stavanger

FULL TIME

November 7, 2024

View Job Description