Norway Job Openings
OsloMet - storbyuniversitetet
Avdelingsleiar for fagområdet psykisk helse
Oslo
FULL TIME
September 11, 2024
Instituttet er tilknyttet Fakultet for helsevitenskap og har omlag 3000 studenter og 250 tilsatte. Instituttet har virksomhet på Kjeller og i Pilestredet, Oslo.
Kan du tenkje deg å vere ein del av leiargruppa ved Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid og leie fagmiljøet vårt innan psykisk helse-, rus- og avhengnadsarbeid?
Fakultet for helsevitskap, Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid søkjer ein inspirerande og utviklingsorientert avdelingsleiar for fagområdet psykisk helse-, rus- og avhengnadsarbeid med god innsikt i utdannings- og forskingssektoren. Fagområdet skal drive undervising og forsking av høg kvalitet og har for tida ansvaret for vidareutdanninga og masterprogrammet i fagområdet.Tilsetjing skjer på åremål for ein periode på fire år med moglegheit til å kunne søkje same stilling for ytterlegare to periodar. Stillinga er ledig frå 1. februar 2025.
Instituttet er ein del av eit stort og tverrfagleg helsevitskapleg fakultet med ein brei portefølje av utdanningar og forsking. Dette skaper gode vilkår for eit tverrfagleg samarbeid på tvers av institutt og fagmiljø.
Instituttet har eit av landets største utdannings- og forskingsmiljø innan sjukepleie og helsefremjande arbeid og består av åtte avdelingar/studieleiarområde. Stillinga inngår i leiarteamet til instituttet som blir leia av instituttleiar. Fakultet for helsevitskap har eitt ph.d.- program og fleire forskingsgrupper er etablerte.
Ansvarsområde
Som avdelingsleiar har du fagleg og administrativt ansvar for avdelingsleiarområdet. Dette inneber resultatansvar for økonomistyring, personalforvalting og HMS, forsking, utdanning og formidling. Avdelingsleiar samarbeider med leiarar for dei andre fag- og studieområda med omsyn til disponering av personalressurser. Avdelingsleiar skal sørgje for eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for avdelingsleiar er nærare skildra i stillingsskildringa.
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere:
- leie og utvikle studieprogramma som ligg til ansvarsområdet i tett samarbeid med emneansvarlege
- sørgje for at utdanninga blir utvikla i tråd med gjeldande lovverk, forskrift og vedtekne strategiar
- personalleiing og økonomistyring
- bidra til utvikling og gjennomføring av strategien til fakultetet, verksemdsutvikling og ressursstyring
- bidra inn i leiargruppa til instituttet og vere pådrivar til at utdanningane skal vere leiande innan forsking og fagleg utviklingsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- relevant høgare utdanning innan fagområdet psykisk helse, rus- og avhengnadsarbeid
- relevant førstestillingskompetanse. Søkjarar i sluttfasen av ph.d.-løp eller førstelektorløp kan vurderast.
- relevant leiarerfaring, fortrinnsvis frå personalleiing
- god kjennskap til økonomistyring
- erfaring frå og god forståing av helsetenesta og særleg frå fagfeltet psykisk helsearbeid og/eller rus- og avhengnadsarbeid
- gode munnlege og skriftlege evner i eit skandinavisk språk og i tillegg engelsk
Det er ein fordel at du har
- formell leiarkompetanse
- pedagogisk kompetanse og erfaring frå utdanningssektoren
- nasjonalt og internasjonalt nettverk
- erfaring med digital samhandling
Vi ønskjer deg som
- er innovativ og har evne til å byggje gode relasjonar, motivere og inspirere medarbeidarar
- er samlande og har ein tydeleg leiarstil med god gjennomføringsevne og dessutan evne til å ta avgjerder
- har god arbeidskapasitet og evne til å handtere parallelle arbeidsprosessar
- har evne til å samarbeide og byggje nettverk internt, nasjonalt og internasjonalt
Det er viktig for Oslo Met å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilretteleggje arbeidsplassen om du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søkje hos oss.
Vi kan tilby deg
- interessante og utfordrande leiaroppgåver i eit aktivt, dynamisk og mangfaldig fagmiljø
- godt arbeidsmiljø
- leiarutviklingsprogram med mentorordning
- gode låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar og eit rikt tilbod av aktivitetar innan sport og kultur
Søknadsprosess
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk gjennom rekrutteringssystemet vårt. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:- CV, attestar og alle sider av vitnemål
- fullstendig publikasjonsliste
- gjerne tre referansar med kontaktinformasjon (overordna, sideordna og underordna)
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven (lovdata.no), og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
Det kan bli gjort bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk blir ikkje gjennomført utan samtykke frå søkjar og aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Andre opplysningar
Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:- Instituttleiar Ingrid Ruud Knutsen, tlf.: 672 36 536/ mobil: 986 77 895/ e-post: ingrid.ruud.knutsen@oslomet.no
- for spørsmål av administrativ karakter: rådgjevar HR Emma Simensen, tlf.: 67 23 51 99/ e-post: emma.simensen@oslomet.no
Søknadsfrist: 30. september 2024
Ref. 24/23927
Ansettelsestype: Åremålsstilling | Arbeidstid: heltid | Antall ledige stillinger: 1 | Arbeidsomfang: 100% | Sted: Oslo | Fylke: Oslo | Land: Norway | Referansenummer: 24/23927 | Kontakt: Ingrid Ruud Knutsen +4767236536, Emma Sofie Simensen +4767235199, | Publisert: 2024-09-11 | Søknadsfrist: 2024-09-30
New Job Alerts
Halliburton
Facilty coordinator - Real estate
Stavanger
FULL TIME
November 7, 2024
View Job DescriptionOslo universitetssykehus
Researcher positions in cardiac pharmacology
Oslo
FULL TIME & PART TIME
November 7, 2024
View Job DescriptionLooking for similar job?
OsloMet - storbyuniversitetet
Avdelingsleiar for fagområdet prehospitalt arbeid
Oslo
FULL TIME
September 11, 2024
View Job DescriptionUniversitetssykehuset Nord-Norge HF
Psykisk helse i somatikk UNN søker engasjert psykologspesialist
Tromsø
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionGrimstad Kommune
100% fast stilling som sykepleier eller vernepleier i hjemmetjeneste psykisk helse og rus
Grimstad
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionUniversitetssykehuset Nord-Norge HF
Psykisk helse i somatikk UNN søker engasjert spesialsykepleier/klinisk sosionom
Harstad
FULL TIME & PART TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionUniversitetssykehuset Nord-Norge HF
Psykisk helse i somatikk UNN søker engasjert psykolog i spesialisering
Tromsø
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionFroland kommune
Veileder i Familieteam innen psykisk helsearbeid 100% fast stilling
FULL TIME
September 18, 2024
View Job DescriptionSee What’s New: OsloMet - storbyuniversitetet Job Opportunities
OsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiatstilling på NOVA - Seksjon for aldersforskning og boligstudier
Oslo
FULL TIME
November 6, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Stipendiat i informasjons-, bibliotek- og arkivstudier
Oslo
FULL TIME
November 5, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Vikariat som seniorkonsulent/rådgiver i seksjon for forskning og utvikling
Oslo
CONTRACT
November 4, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Ønsker du en spennende lederstøttestilling på Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)?
Oslo
FULL TIME
November 4, 2024
View Job DescriptionOsloMet - storbyuniversitetet
Driftsteknikar for støtte til bygg- og flytteprosjekt
Oslo
CONTRACT
October 29, 2024
View Job DescriptionNew Job Alerts
Halliburton
Facilty coordinator - Real estate
Stavanger
FULL TIME
November 7, 2024
View Job DescriptionOslo universitetssykehus
Researcher positions in cardiac pharmacology
Oslo
FULL TIME & PART TIME
November 7, 2024
View Job Description