Helse Fonna

Lege i spesialisering (LIS3) eller lege

Haugesund

FULL TIME

October 25, 2024


Om stillinga
Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.
Vi har ledig to faste LIS3-stillingar med ønskje om snarleg tiltreding. Er du LIS1 og ventar på plass, oppfordrar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3 stillinga må ha gjennomført LIS1.
I vårt legemiljø på BUP vil du finne eit trygt og støttande arbeidsmiljø. Vi er for tida åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1. I tillegg bidreg ein overlege på pensjonistavtale med sin kompetanse.
BUP Haugesund tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!
Vi legg stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqo ZHBx M
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
17.11.2024
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Lege i spesialisering (LIS3) eller lege
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4876963280
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
  • Delta i vaktordning for legar
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
Kvalifikasjonar
  • Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
  • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • er kreativ, nytenkjande og fleksibel
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
  • Kompetanseheving og spesialiseringsløp
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

Haugesund by

Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbyggjarar. Haugesund ligg på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasilitetar, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemoglegheiter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund.

Sjå film om Haugesund og vår region: https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk

Mangfaldserklæring
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse: Vinjes gate 10, 5522 HAUGESUND, Norge


Kontaktinformasjon
Margrethe Reigstad Aase
Psykologspesialist/funksjonsleiar
Telefon: 52732850
Marit Elisabeth Ness
Psykologspesialist/funksjonsleiar
Telefon: 52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
Telefon: +47 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
Telefon: 52732850

Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no.

New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Grocery Associate - Youth workers

Oslo

PART TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Aker Solutions

HR Advisor

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Your Personal AI

Business Development / Sales Representative (Norway)

Drammen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Kahoot!

Program Director, School K-12 International

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Red Bull

Salgskonsulent - faghandel

Bergen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Omega 365

Information Architect

Stavanger

November 19, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
Vestre Slidre kommune

Tilkallingsvikar Slidre legesenter

Slidre

PART TIME

September 17, 2024

View Job Description
Leger Uten Grenser

Leger Uten Grenser søker giverassistenter

Oslo

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Universitetssykehuset Nord-Norge HF

Sykepleier/paramedisiner felles akuttmottak og legevakt UNN Narvik

Narvik

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Universitetssykehuset Nord-Norge HF

Lege i spesialisering i øyesykdommer - fast stilling

Tromsø

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Sørlandet sykehus HF

Lege i spesialisering(LiS) i barne- og ungdomspsykiatri/ LiS1-venter/ LiS i allmennmedisin

Kristiansand

FULL TIME & CONTRACT

September 17, 2024

View Job Description
Vestre Viken

Lege i spesialisering (LIS) - vikariat

FULL TIME & CONTRACT

September 17, 2024

View Job Description
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Grocery Associate - Youth workers

Oslo

PART TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Aker Solutions

HR Advisor

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Your Personal AI

Business Development / Sales Representative (Norway)

Drammen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Kahoot!

Program Director, School K-12 International

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Red Bull

Salgskonsulent - faghandel

Bergen

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Omega 365

Information Architect

Stavanger

November 19, 2024

View Job Description