Norway Job Openings

If

Advokat/jurist (med fagansvar for ansvarsforsikring)

Oslo

FULL TIME

November 14, 2024

Vi søker etter jurist/advokat til rollen som fagansvarleg for ansvarsforsikring (næring) i Nordens leiande forsikringsselskap!
Er du jurist eller advokat med lang erfaring innan ansvarsforsikring og/eller erstatningsrett og ute etter ei ny, spanande utfordring? Ynskjer du å ha fagansvaret innan ansvarsforsikring i Nordens leiande forsikringsselskap? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
I Large, Complex & International Claims i If arbeidar vi med nokre av dei største og mest komplekse skadesakene innanfor næringslivet. No søker vi fagansvarleg for ansvarsforsikring, ei nøkkelrolle der du vil få moglegheita til å forme fagområdet vidare i eit dynamisk og framtidsretta miljø.
Om rollen
Vi er no på jakt etter ein fagansvarleg ressurs til vår einheit. I denne nøkkelrollen vil du både få høve til å handtere eigen portefølje av ansvarssaker, samt vere vårt faglege fyrtårn når det gjeld ansvarsforsikring i Large, Complex & International Claims.
If forsikrar både små og store aktørar innan næringslivet. Når ein ansvarsskade oppstår, kontaktar kundane oss for å få bistand til å avklare ansvarssituasjonen og støtte dei gjennom heile skadeprosessen. Ansvarssakene vi handterar kan gjelde alt i frå erstatningskrav mot kundar i bygg- og anleggsbransjen, til produktansvar, styreansvar og profesjonsansvar for å nemne noko. Gjennom handtering av desse sakene møter vi mange utfordringar og problemstillingar, både av forsikrings, erstatnings- og kontraktsrettsleg art.
I rollen som fagansvarleg vil du ha ansvaret for kompetanseutvikling og kunnskapsdeling i teamet vårt, og sørge for at vi alltid leverar på eit høgt fagleg nivå. Du blir ein viktig fagressurs for kollegaer internt i ansvarsteamet og for andre som arbeidar med ansvarsforsikring eller tilknytta område i Large, Complex & International Claims. I rollen vil du fungere som ein fagleg sparringspartnar for våre skaderådgjevarar og bidra til å sikre kvalitet og kontinuerleg utvikling av arbeidet vårt.
Ein sentral del av rollen vil vidare bestå i å synleggjere fagområdet på ulike måtar både internt og eksternt, samt at ein vil få høve til å jamnleg halde kurs, føredrag, delta på messer og andre arrangement, både aleine og saman med andre.
Stillinga vil innebere tett samhandling med kollegaer på eige team, andre avdelingar i If, eksterne partar, samt utstrakt kontakt med våre kundar. I tillegg til å bistå kundane når det uforutsette skjer, ynskjer vi også å hjelpe kvarandre internt når tilhøva skulle tilseie dette. Personen vi er på utkikk etter må difor sjå verdien i å kunne bistå andre, også utanfor eige fagfelt.
Om teamet
Vi i If sel tryggleik! Vi forsikrar alle typer verksemder, frå dei minste enkeltpersonføretak til dei største nordiske selskap med aktivitet over heile verda. Med vår høge kompetanse er vi der for våre forsikringstakarar når noko skjer. Vi ynskjer å finne smidige løysingar til det beste for kundane og tek rådgjevarrollen på aller største alvor. Både små utfordringar og katastrofar vert handtert med med stoltheit, engasjement og løysingsfokus.
Vi er eit team som samarbeidar godt og som ser viktigheita av å gjere kvarandre gode. Vi er opptekne av å skape ein trygg atmosfære der det er låg terskel for å drøfte faglege problemstillingar, og der det også skal vere rom for uhøgtidleg skravling innimellom arbeidet.
Vi tilbyr
Trass i at vi ser etter visse eigenskapar og ferdigheiter hjå deg, forventar vi at du også stiller krav til oss som din framtidige arbeidsgjevar. Dette er noko av det vi tilbyr deg som jobbar hjå oss:
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mange sosiale samankomstar
  • Karriere- og utviklingsmoglegheiter i Nordens største forsikringsselskap
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, dyktige og dedikerte kollegaer
  • Ein fleksibel arbeidsplass med fokus på helse og trivsel
  • Moderne, innbydande og funksjonelle kontorlokale på Vækerø med mellom anna særs gode moglegheiter for fysisk trening, inkl. ei vekentleg treningsøkt i arbeidstida
  • Særs gode pensjons- og forsikringsordningar
Kven er du?
Personen vi søker etter har bakgrunn som advokat/jurist, med brei og lang erfaring frå både ansvarsforsikring, erstatningsrett og kontraktsrett. Vi ser etter deg som held eit høgt fagleg nivå og har ei sterk evne til å formidle komplekse juridiske tema, både skriftleg og munnleg, til både kollegaer og eksterne aktørar. Du evnar å sjå porteføljen med eit pragmatisk blikk og har godt skjøn og solid beslutningsevne. Du tek initiativ, jobbar sjølvstendig og trivst med å handtere varierte og utfordrande oppgåver.
Personen vi ser etter har erfaring frå og trivst med å halde kurs og føredrag, og har evna til å inspirere og engasjere publikumet. Vidare må du ha ei god kommersiell forståing, vere komfortabel med eit høgt tempo og open for å prøve nye metodar.
Sist, men ikkje minst er du ein inkluderande og positiv person som har eit løysingsorientert syn på arbeidsoppgåvene. Du ser moglegheiter i utfordringar og bidreg til eit godt og konstruktivt arbeidsmiljø.
Tilleggsinformasjon og rekrutteringsprosessen
For å søke på stillinga: Vi gler oss til å motta din søknad der du fortel oss kvifor du er motivert for stillinga. Vi ber også om at du sender CV og vitnemål.
Søknadsfrist: Snarast, og seinast innan 05.12.2024. Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Vi nyttar Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. I stillinga er det eit krav om god kredittvurdering, og kredittinformasjonen til søkjaren vil bli sjekka før eit eventuelt jobbtilbod.
Kontakt: Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med leiar for Ansvar, Transport og Marine (Large. Complex & International Claims Norway), Irlin Renate Engebø, på tlf. 971 13 270.
Vi ser fram til å bli kjent med deg!
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
TSC Subsea

Commercial Manager

Bergen

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
Telenor Group

Salgsdirektør

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
If

Advokat/jurist til vårt transportteam

Oslo

FULL TIME

September 20, 2024

View Job Description
Gjensidige Forsikring

Fagansvarlig Sikkerhetsovervåking

Oslo

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
Digitaliseringsdirektoratet

Fagansvarlig trusselvurdering og sikkerhet i nasjonale fellesløsninger

Oslo

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
Digitaliseringsdirektoratet

Fagansvarlig sikkerhets- og risikostyring

Oslo

FULL TIME

September 18, 2024

View Job Description
See What’s New: If Job Opportunities
If

Talent Acquisition Coordinator

Oslo

November 18, 2024

View Job Description
If

AML/CTF Manager

Oslo

FULL TIME

November 11, 2024

View Job Description
If

Advokat/jurist til vårt transportteam

Oslo

FULL TIME

September 20, 2024

View Job Description
If

Talent Acquisition Partner

Oslo

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
If

Er du vår nye Head of SME Sales Norway?

Bergen

FULL TIME

September 6, 2024

View Job Description
View More Jobs by If
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
TSC Subsea

Commercial Manager

Bergen

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
Telenor Group

Salgsdirektør

Fornebu

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description