Norway Job Openings

If

Advokat/jurist til vårt transportteam

Oslo

FULL TIME

September 20, 2024

Ynskjer du å arbeide med transportforsikring og få hovudansvaret for If sine transportregressar? Då bør du lese vidare.
Vi i Large, Complex & International Claims arbeidar med If sine største og mest komplekse skadesaker innanfor næringslivet. Vil du vere ein del av dette miljøet og bistå våre næringslivskundar med å avklare kva ansvar dei har når det uventa skjer og ein skadesituasjon oppstår?
Om rollen
Som advokat/jurist i transportavdelinga skal du sikre høg kvalitet og ansvarleg og proaktiv handtering av skadesaker innanfor produktområda transportforsikring og transportansvarsforsikring (godsansvar og speditøransvar). Du bistår våre kundar frå det tidspunkt det oppstår ein skade, og støttar dei heile vegen i skadeprosessen til saka er ferdigstilt. Sakene du vil handtere kan ha skjedd innanlands eller utanlands, i lufta, på land eller til sjøs, samt at dei også vil variere i størrelse og kompleksitetsgrad.
Ein stor del av rollen vil innebere handtering av regressaker innanfor transportområdet. I saker der vi har utbetalt erstatning til kunden i henhold til forsikringsavtalen og vi meiner at nokon andre er rettsleg erstatningsansvarleg for skaden/tapet, vil vi krevje regress av den ansvarlege parten. Du vil her få hovudansvaret for regressakene tilhøyrande transportavdelinga og på denne måten vere med på å påverke selskapet sine resultat. Vidare vil dette også gje deg ein spanande portefølje med varierte arbeidsoppgåver.
Transportteamet og ansvarsteamet sit tett på kvarandre i det daglege, noko som inneber at du også vil kunne få moglegheita til å arbeide med ansvarsforsikringssaker. I tillegg til å bistå våre kundar når det uforutsette skjer, ynskjer vi også å hjelpe kvarandre internt når tilhøva skulle tilseie dette. Personen vi er på utkikk etter må difor sjå verdien i å kunne bistå andre, også utanfor eige fagfelt.
I tillegg til utstrakt kontakt med våre kundar, vil stillinga difor også innebere tett samhandling med kollegaer på eige team, andre avdelingar i If og eksterne partar.
Om teamet
Vi i If sel tryggleik! Vi forsikrar alle typer verksemder, frå dei minste enkeltpersonføretak til dei største nordiske selskap med aktivitet over heile verda. Med vår høge kompetanse er vi der for våre forsikringstakarar når noko skjer. Vi ynskjer å finne smidige løysingar til det beste for kundane og tek rådgjevarrollen på aller største alvor. Både små utfordringar og katastrofar vert handtert med med stoltheit, engasjement og løysingsfokus.
Vi er eit team som samarbeidar godt og som ser viktigheita av å gjere kvarandre gode. Vi er opptekne av å skape ein trygg atmosfære der det er låg terskel for å drøfte faglege problemstillingar, og der det også skal vere rom for uhøgtidleg skravling innimellom arbeidet.
Vi tilbyr
Trass i at vi ser etter visse eigenskapar og ferdigheiter hjå deg, forventar vi at du også stiller krav til oss som din framtidige arbeidsgjevar. Dette er noko av det vi tilbyr deg som jobbar hjå oss:
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mange sosiale samankomstar
  • Karriere- og utviklingsmoglegheiter i Nordens største forsikringsselskap
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, dyktige og dedikerte kollegaer
  • Ein fleksibel arbeidsplass med fokus på helse og trivsel
  • Moderne, innbydande og funksjonelle kontorlokale på Vækerø med mellom anna særs gode moglegheiter for fysisk trening, inkl. ei vekentleg treningsøkt i arbeidstida
  • Særs gode pensjons- og forsikringsordningar
Kven er du?
Personen vi søker etter har bakgrunn som advokat/jurist og erfaring frå arbeid med transportforsikring og regress. Kunnskap innanfor felta transportrett, sjørett/maritime law og marineforsikring er ein fordel.
Vi ser etter deg som er fagleg dyktig, handlekraftig, effektiv og strukturert, og som ynskjer å vere med på å skape den perfekte kundereisa for våre kundar. Du er ein person som tek eigarskap til dine oppgåver og får ekstra motivasjon når du oppnår eit vellukka resultat. Du likar høgt tempo og det å arbeide opp mot tidvis stramme tidsfristar for å sikre krav med tanke på reklamasjon og forelding. Som ein forvaltar av store verdiar, er det viktig at du har gode analytiske evner, forretningsmessig forståing, gode forhandlingsevner og ei evne til å sjå pragmatiske løysingar. Du er inkluderande og ein bidragsytar i arbeidsmiljøet. Positivitet er eit must!
Tilleggsinformasjon og rekrutteringsprosessen
For å søke på stillinga: Vi gler oss til å motta din søknad der du fortel oss kvifor du er
motivert for stillinga. Vi ber også om at du sender CV og vitnemål.
Søknadsfrist: Snarast, og seinast innan 10.10.2024. Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Vi nyttar Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. I stillinga er det eit krav om god kredittvurdering, og kredittinformasjonen til søkjaren vil bli sjekka før eit eventuelt jobbtilbod.
Kontakt: Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med leiar for Ansvar, Transport og Marine (Large. Complex & International Claims Norway), Irlin Renate Engebø, på tlf. 971 13 270.
Vi ser fram til å bli kjent med deg!
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
TSC Subsea

Commercial Manager

Bergen

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description
Looking for similar job?
If

Advokat/jurist (med fagansvar for ansvarsforsikring)

Oslo

FULL TIME

November 14, 2024

View Job Description
CBRE

Critical Services Teamlead for our Data Center / Teknisk teamleder for vårt datasenter

Porsgrunn

FULL TIME

July 30, 2024

View Job Description
Innovasjon Norge

Led vårt arbeid i Canada

Oslo

FULL TIME

August 26, 2024

View Job Description
Innovasjon Norge

Led vårt arbeid i Houston

Oslo

FULL TIME

August 26, 2024

View Job Description
Innovasjon Norge

Vil du lede vårt kontor i Italia?

Oslo

FULL TIME

August 30, 2024

View Job Description
CBRE GWS IFM Industrie GmbH

Elektronikktekniker, mekaniker, ingeniør eller kjøletekniker for vårt datasenter

August 12, 2024

View Job Description
See What’s New: If Job Opportunities
If

Talent Acquisition Coordinator

Oslo

November 18, 2024

View Job Description
If

Advokat/jurist (med fagansvar for ansvarsforsikring)

Oslo

FULL TIME

November 14, 2024

View Job Description
If

AML/CTF Manager

Oslo

FULL TIME

November 11, 2024

View Job Description
If

Advokat/jurist til vårt transportteam

Oslo

FULL TIME

September 20, 2024

View Job Description
If

Talent Acquisition Partner

Oslo

FULL TIME

September 17, 2024

View Job Description
View More Jobs by If
New Job Alerts
Sobi

Associate Director Patient Access Nordic Baltics

Oslo

FULL TIME

November 20, 2024

View Job Description
Wolt

Account Manager

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
BW

Junior Marine Superintendent BW LNG - Temporary position

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Baker Hughes

Payroll Specialist

Tananger

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Schibsted

Group Financial Controller

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Coor

Servicemedarbeider Operation Center

Hammerfest

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
Euronext

VIE Diversity and Inclusion project officer

Oslo

FULL TIME

November 19, 2024

View Job Description
TSC Subsea

Commercial Manager

Bergen

November 19, 2024

View Job Description
Svenska Handelsbanken AB

Studentmedarbeider Økonomiavdelingen

Oslo

November 19, 2024

View Job Description